Go to main content
Formater
Format
BibTeX
MARCXML
TextMARC
MARC
DublinCore
EndNote
NLM
RefWorks
RIS
Cite
Citation

Filer

Sammendrag

Denne rapporten presenterer dei nyaste framskrivingane for årleg tilgang av brukarar av hjelpemiddel for personar med funksjonsvanskar. Det er gjort framskrivingar på nasjonalt nivå, for fylke, og kommunar eller kommunegrupper. Demografien i Noreg er i endring, og det blir ein stadig høgare del personar i dei eldre aldersgruppene. Det blir ein varig endring. Det vil auke presset på helse- og omsorgstenester, og vil i den forbindelse også bety ein auke i talet på personar som vil ha behov for hjelpemiddel for å kunne ha eit fullverdig liv. Statistisk sentralbyrå (SSB) sine folketalsframskrivingar er nytta som grunnlag for framskrivingane. I tillegg nyttast ein erfaringsbasert faktor for omrekning av kvar tiårige aldersgruppe til ein sannsynleg brukartilgang per år. Denne faktoren er berekna som den prosentdelen av folketalet som er brukarar ved hjelpemiddelsentralane i 10 ulike årsklassar (0–9 år, 10–19 år osv.) i 2024. Prosentdelen for kvar årsklasse blir deretter videreført for alle år i framskrivinga. Det er laga framskrivingar til 2050. Likevel er alle framskrivingar usikre, med omsyn til talet på brukarar og aldersfordeling. Det er eit omtrentleg uttrykk for den demografiske faktoren sin betydning for brukartilgangen. Andre faktorar kjem i tillegg. Framskrivingane syner ein auke i talet på brukarar på 15 prosent til 2030, 40 prosent til 2040 62 prosent til 2050. Det er dei eldre aldersgruppene som vil utgjere heile denne auken. Spesielt aldersgruppene over 80 år vil utgjere ein hovuddel av auken. Tilpassing av bustad vil vere ein nøkkelfaktor framover. Også andre arenaer blir av betydning for at brukarar skal ha eit sosialt liv. Det er forskjellar i brukartilgang mellom fylke. Dei demografiske faktorane slår forskjellig ut. Det er også store forskjellar mellom ulike typar kommunar. Større byar og nabokommunane rundt desse vil ha størst vekst framover. Mindre sentrale kommunar vil ha lågare auke i brukartilgang. For ortopediske hjelpemiddel ser det annleis ut. Hovudtyngda av brukarane er ein del år yngre enn for andre hjelpemiddel. Den sterkaste auken som følgje av aldring i befolkninga har vi allereie hatt på dette området, og veksten framover blir meir moderat.

Detaljer

PDF

Statistikk

fra
til
Eksport
Last ned full historikk